Omsetjing

/Kva er ei god omsetjing?

Kva er ei god omsetjing?

Ei god omsetjing gjengir innhaldet i kjeldeteksten nøyaktig og korrekt, samstundes som omsetjaren tek omsyn til stilnivå, normer og tradisjonar i kjelde- og målspråket.

Kvaliteten på ei skriftleg omsetjing først og fremst avhengig av kor godt omsetjaren kan  kjelde- og målspråket, kor mykje og allsidig erfaring han eller ho har omsetjing, og kor grundig han eller ho er. Vi tilbyr omsetjingar i språkkombinasjonar der vi sjølve har høve til å vurdere kvaliteten. Vi gjer berre bruk av omsetjarar vi kjenner og har tillit til.

Det seier seg sjølv at ein omsetjar må kunne både kjelde- og målspråket svært godt. I utgangspunktet bør ein berre setje om til det språket ein har som morsmål, men er ikkje det mogleg å få til, reknar vi det som eit sjølvsagt krav at teksten er redigert av nokon som har målspråket som morsmål.

Kva bør eg tenkje på ved bestilling av omsetjing?

Prisen for omsetjingar reknar vi ut frå talet på sider, men ei side er definert som 1800 teikn (bokstavar, tal, mellomrom osb.) Andre tenester blir fakturert etter timepris.

Prisen er avhenigig av språkkombinasjonen og vanskegraden på oppdraget. Difor gir vi eit separat pristilbod for kvar gong. Om ønskeleg gir vi deg eit for oss bindande (men for deg uforpliktande) pristilbod for heile oppdraget.

Vi prøver å hjelpe uansett kva filformat du vil sende oss tekstar i. For å få raskare og rimelegare omsetjingar, er det ein fordel om du sender i eit format som kan redigerast, som DOC, ODT, XLS el.l Slike filer som PDF, innskanna bilete o.l. gjer prosessen vanskelegare og langsamare.

Ein omsetjar reknar typisk fem standardsider som ein vanleg arbeidsdag. Saman med køen av bestillingar er det dette som avgjer kor fort det er mogleg å levere. Fristen kan vi fastsetje endeleg når bestillinga er sikker.

Det er mogleg å bestille hasteomsetjingar, desse er som hovudregel 50% dyrare. Det er likevel viktig å vere klar over at kvaliteten på hasteoppdrag ikkje alltid kan bli like god som ved vanlege oppdrag med lengre fristar.

Vi gjer alltid vårt beste, men skulle det skje at kunden har grunngjevne reklamasjonar, ordnar vi sjølvsagt opp utan ekstra kostnader. Vi ber i så fall om at kunden tek kontakt i løpet av tre veker frå levering av omsetjinga.

NavnE-postEmnePrioritetMessage