Presentasjon

/Eit norsk- og estiskeigd selskap

Kva er OÜ Estnorlink?

OÜ Estnorlink er eit norsk- og estiskeigd selskap registrert i Estland.

Selskapet har hatt verksemd på den estiske og norske marknaden sidan 2005, og tilbyr no hovudsakleg omsetjing, tolking og andre språktenester. I tillegg til omsetjing av tekstar og tolking i ulike samanhengar har vi òg utført redigering, språkvask og språkopplæring samt relaterte konsulenttenester.

Ein stor del av tenestene våre blir utført av dei tilsette sjølv, som er kompetente omsetjar. Vi nyttar òg underleverandørar, men då først og fremst for å kome kundens ønske i møte. Innan våre hovudspråkkombinasjonar får du difor bestille omsetjingar direkte frå kunden, utan kompliserande mellomledd.

Estnorlink har frå starten av vore det einaste estiske selskapet som har kvalitetsomsetjingar mellom estisk og norsk som sitt hovudprodukt, og tilbyr med eigne krefter òg omsetjing mellom engelsk, tysk og estisk.