Velg språk: estisk

Tolking

/Tolking og omsetjing

Tolking og omsetjing er heilt ulike arbeidsprosessar og krev forskjellige ferdigheiter. Det er viktig å vere klar over at ein omsetjar ikkje automatisk er ein tolk eller omvendt, men sjølvsagt er det mange som meistrar begge «handverka».

Ein tolk må vere god til å kommunisere. Tolken er upartisk og teieplikta er ein sjølvsagt del av tolkens yrkesetikk.

Ein tolk har ein svært vanskeleg jobb som krev full merksemd heile tida, og det er difor viktig at han eller ho får gjere denne jobben og ikkje blir pålagt andre oppgåver. For å sikre kvaliteten på tolkinga, må tolken få høve til å ta nok pausar. Trengst det tolking i fleire timar, må ein bestille to tolkar som kan avløyse kvarandre.

Våre tenester

Vi kan konsekutiv tolking og kviskretolking mellom estisk og norsk. Pristilbodet vil ta utgangspunkt i ein timepris, om nødvendig kjem reise, kost og losji for tolken i tillegg. Dersom vi ikkje sjølv kan stille opp, vil vi prøve å finne ein tolk til deg, anten i Estland eller Noreg, så ta kontakt!